Nyheter
 

Oversendelse av søknad om forsøk med pilotvannområdeutvalg iht EUs rammedirektiv for vann

Del I

1. Hovedprioriteringer innenfor MD sitt budsjett.

Regjeringa har varsla ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av hav-, kyst-, og vassdragsområde. Det skal bl.a. lagast forvaltningsplaner for alle norske havområde, og for EU sitt rammedirektiv for vatn skal gjennomførast. Regjeringa har styrkt dette arbeidet med 3 mill. kroner for 2005. Saman med andre departement utviklar Miljøverndepartementet no ein heilskapleg forvaltningsplan for Lofot-Barentshavet. Arbeidet med naudsynte utgreiingar og ferdigstilling av planen vil bli prioritert. I samband med oppfølginga av rammedirektivet skal alle vassførekomstane i landet vere kartlagde og vurderte i 2005. Regjeringa vil prioritere arbeidet med å bedre vasskvaliteten i Vansjø i Østfold, og har derfor sett av midlar til gjennomføring av ekstraordinære tiltak og til naudsynte utgreiingar i vassdraget.

Resultatområde 4: Overgjødsling og oljeforureining

I ferskvatn og dei kystnære områda legg St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav opp til ei forvaltning etter EU sitt rammedirektiv for vatn. Direktivet set som mål at ein skal oppnå såkalla "god tilstand" i vassførekomstane innan 2015. Ei kartlegging av "økologisk tilstand" (biologisk mangfald) og "kjemisk tilstand" (forureining) i alle norske vassførekomstar skal ferdigstillast og rapporterast til ESA i 2005. Nødvendige overvakingsprogram skal setjast i verk innan 2006. Gjennomføringa av direktivet skjer i fellesskap mellom Miljøverndepartementet, Olje- og energidepartementet, Fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet og Helsedepartementet. 50 pst. av norske vassførekomstar vart i 2004 vurdert i forhold til om dei vil oppfylle målet i direktivet i 2015. Dei resterande, som har usikker status og derfor er mest ressurskrevjande, skal kartleggjast i løpet av 2005. Arbeidet vil bli gjennomført i samarbeid mellom etatar under departementa som er nemnde ovanfor. Av etatar underlagt Miljøverndepartementet vil arbeidet særleg krevje ressursar i Statens forureiningstilsyn, som koordinerer bidraga frå miljøvernforvaltninga. Meir langsiktige kostnader som oppstår ved gjennomføringa av tiltak utløyste av direktivet, vil avhenge av kva slag resultat den kartlegginga av vassførekomstane som er nemnt ovanfor gir. Det vil bli nødvendig med ekstra ressursinnsats til overvaking og tiltak i vassførekomstar som viser seg å ikkje ha tilfredsstillande kvalitet, og til utarbeiding av forvaltningsplanar mv. Miljøverndepartementet og dei aktuelle departementa vil komme tilbake til dette i budsjettproposisjonar i åra framover.

Innan kommunal avløpssektor og fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve/pålegg om reinsing, i medhald av forureiningslova, og bruk av forureiningsgebyr for å sikre gjennomføring av pålegga. Departementet vil prioritere arbeidet med å betre vasskvaliteten i Vansjø i Østfold. Vassdraget er drikkevasskjelde for om lag 60 000 menneske, og er sterkt overbelasta med næringssalt. Delar av Vansjø har fått ei kraftig algeoppblomstring med innslag av giftige algar. Departementet vil styrkje arbeidet med å betre vasskvaliteten i vassdraget, og har derfor prioritert midlar på budsjettet for 2005 til utgreiingar og gjennomføring av ekstraordinære tiltak for å betre situasjonen i vassdraget. Opprydding i utslepp av avløpsvatn i vassdraget er likevel eit kommunalt ansvar. Her gjeld prinsippet om at forureinar skal betale. Kommunane har dei nødvendige verkemidla til å syte for god nok reinsing av utslepp frå enkelthus og hytter, og til å oppgradere det kommunale avløpsnettet der det er nødvendig. Tiltak i Vansjø-Hobølvas sdraget har tidlegare fått støtte frå kap. 1441 post 65 Tilskot til heilskapleg vassforvaltning. Denne posten vart frå 2004 innlemma i rammetilskotet til kommunane. Dette inneberer at kommunane som fikk tilskot frå kap. 1441 post 65 i 2003, fikk et auka rammetilskot i 2004, som vil trappast gradvis ned dei neste tre åra, inntil det er omfordelt innanfor inntektssystemet til kommunane.

Del III

Programkategori 12.40 Forureining

Programkategorien omfattar i hovudsak følgjande resultatområde: Resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining, Resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, Resultatområde 6 Avfall og gjenvinning, Resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy, og Resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Rammefordelingsforslaget for kategorien er på 621,9 mill. kroner i 2005. Dette er ein auke på 3,6 mill. kroner, dvs. 0,6 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2004. Auken skuldast i hovudsak auka satsing på forureina sediment. Regjeringa ønskjer å føre ein aktiv kjemikaliepolitikk, med fokus på å redusere utsleppa av dei farlegaste miljøgiftene, styrkt kontroll og tilsyn og ein aktiv innsats for å styrkje internasjonale reguleringar på kjemikalieområdet. Det blir òg satsa på viktige forskings- og overvakingsaktivitetar. Regjeringa aukar løyvingane til kartlegging av miljøgifter og til oppfølginga av strategiane for forureina sediment og forureina grunn. Løyvingane til dette er auka med 15 mill. kroner, dette inkluderer òg arbeidet med å betre vasskvaliteten i Vansjø i Østfold, (sjå òg omtale under resultatområde 5 og postomtalen til kap. 1441, post 39 og 1441, post 01).

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Statens forureiningstilsyn. Posten dekkjer vidare midlar knytte til forsking, utgreiingar (FOU), IT-utgifter (under dette utgifter til drifting av RDS-systemet, miljøstatus etc.), husleige, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til:

  • arbeidet innan overgjødsling og oljeforureining
  • arbeidet innan helse- og miljøfarlege kjemikaliar
  • arbeidet innan avfall og gjenvinning
  • arbeidet innan klimaendringar, luftforureining og støy
  • miljøtilstanden i Noreg
  • bistandsarbeidet i samsvar med avtalen med NORAD

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast

Posten er knytt til resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og 6 Avfall og gjenvinning. Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i vatn, grunn og sediment som er forureina med farlege miljøgifter eller sterkt overbelasta med næringssalt. Posten er foreslått styrkt med 14 mill. kroner for å følgje opp strategien for forureina sediment og sikre at delmåla i strategien for forureina grunn kan bli nådde i løpet av 2005. Styrkinga skal og dekkje opprydding i Vansjø og ev. andre vannforekomster med sammensatte miljøproblemer. Delmåla for forureina grunn er gjennomføring av nødvendige tiltak på om lag 100 identifiserte lokalitetar og gjennomføring av nødvendige undersøkingar på om lag 500 identifiserte lokalitetar (sjå òg omtale under resultatområde 5).

Forureinar betaler-prinsippet ligg til grunn for arbeidet på dette feltet, og så langt det er rimelig vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sediment. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøvernforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak:

  • Der Staten ved miljøvernforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.
  • Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.
  • Der det hastar med å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.
  • Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling, bl.a. ved å gjennomføre pilotprosjekt.
  • Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område.
  • Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.

I tillegg kan posten nyttast til å medverke til utarbeiding av fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sediment i større fjordområde, til tiltaksretta undersøkingar ved skipsverft og i småbåthamner, til planmessig kartlegging og oppfølging av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet, anna kunnskapsoppbygging og til å dekkje utgifter knytte til det nasjonale rådet for forureina sediment. Fordi tiltaka strekkjer seg over fleire år, er det foreslått å vidareføre bestillingsfullmakta knytt til posten med 25 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak V nr. 1.

til toppen

 

 

Sidene er tilrettelagt av:
eog.no

Grafisk Designer Aina Griffin.
Alle foto er © Øystein Søbye